27.09.2018
Larsnes Mek. Verksted vil bygge tørrdokk
Det er spenstige planar som skal behandlast i formannskapet neste veke. Det ligg føre søknad frå Larsnes Mek. Verksted om full utnytting av industriområdet på Holmen.
Den store nyheita er bygging av tørrdokk på sydsida. Det er AG Plan og Arkitektur AS som har laga forslaget til detaljregulering for industriområdet. Tørrdokka er planlagt i formatet 23 x 130 meter.