26.12.2018
Fakkeltog nyttårsaftan frå Landsbyparken
Det vert også denne nyttårsaftan familiefakkeltog. Ein møter kl. 19 i landsbyparken og ein får utdelt fakler så langt det rekk.
Ein tek så vegen langs Prestegardsvegen og rundar Utsikten og går nedanfor Sandetun tilbake. Om vêret tillet vert det ein stopp ved Sandetun. Det er Idrettsskulen i Larsnes Idrettslag som arrangerer. Elisabeth Langlo Haugen er kontaktperson for fakkeltoget.