30.12.2019
Nyttårsfeiring i Landsbyen
Vi samlar kreftene på årets siste dag. Fellesfyrverkeriet vert arrangert frå Bautaplassen (Larsneset) kl. 23.59 nyårsaftan. Gamlebanken held ope hus frå kl. 21.30 til midnatt tysdag.
Her vil vi servere kaffi og julegløgg medan vi ventar. På gamlebanken har vi tilgang til aktivitetar for ungdom. Ikke sit heime, ta turen til sentrum, – vi går inn i det nye året i samla tropp og gler oss til utfordringar og mulegheiter i året som kjem.