Norway Cup
To lag frå Larsnes IL og eit lag frå LGFK skal delta på Norges største fotballturnering «Norway Cup» som opnar laurdag 28. juli. Kampane startar søndag med innleiande runder i gruppespelet som varer fram til tysdag.
G 14 skal møte Kjelsås i sin første kamp på søndag morgon. 68 lag er påmeldt fordelt på 17 grupper. LIL spelar i gruppe 1 og skal elles møte Hamarøy og Årdal- Tokke.
I J 16 klassa er det 70 lag påmeldt i 7ar klassa fordelt på 17 grupper. J 16 spelar søndag kveld på Ekebergsletta mot Oslo-laget Lyn. Jentene skal elles møte Hamarøy, Fyresdal og Froland i gruppespelet.
LGFK skal ha opningskampen på Valle Hovin søndag ettermiddag mot Hyllestad frå Hordaland. Av dei 54 laga som er påmeldt i 7ar klassa skal LGFK i gruppespelet møte Andøygutten, Austrheim og Tingvoll.
Alle tre laga skal bu på Rustad skole i Østensjø bydel ca 5 km frå Ekebergsletta.
mar.rekdal@gmail.com