17.08.2018
Larsnes treng ny reguleringsplan
Etter ein lang sommarferie har formannskapet i kommunen første møtet 21. august. Under skriv og meldingar er orientering om utlegging av flytebrygge i Hallebygda Småbåthamn.
Forutan økonomirapportering kjem saka om digital distribusjon av kommunestyremøta opp. Ordføraren legg også fram sak om reguleringsplan for Larsnes. Gamleplanen er frå 2005. Møta i formannskapet er opne for publikum med tilhøyrarplassar bakerst i salen. Møtet er tysdag 21. august kl. 13:45. Saksdokumenta kan du få ved å henvende deg til servicekontoret.