Årsmøte i Norges Handikapforbund Sande
Det er eit aktivt lag som heldt årsmøte på Gamlebanken torsdag 20. februar. Laget har teke opp mange saker i 2019 og er bl.a. etter valet representert i Rådet for personar med nedsett funksjonsevne med 3 medlemmer. Her har laget allereie markert seg i mange saker ang. trafikale vanskar, unisersell tilpassing m.m., her kan ein ta opp interessepolitiske saker på eit breitt og høgt plan.
I årsmeldinga les vi også om andre ting laget er med på. På Sandemessa hadde laget informasjonsstand og fekk 6 nye medlemmer. Av aktivitetar elles kan nemne julebord på Landsbyhuset med 70 innbedne gjestar frå Søre Sunnmøre. Dette var veldig populært!
Årsmelding og rekneskap vart gjennomgått utan merknader.
Valet var veldig greitt val då alle i gamlestyret vart gjenvalt. Det var 3 stk som var på val og som skulle veljast for 2 år. Slik ser styret for 2020 ut:
Leiar: Else Marie Rekdal (2 år)
Nestleiar: Lidvar Muren (1 år)
Kasserar: Alvhild Kvamme Iversen (2 år)
Serkretær: Torunn Lillebø (1 år)
Styremedl.: Jarle Takseth (1 år); Anne Marta Torset (2 år); Jørn-Hugo Jahansen (1 år)
Varamedlemmer (valt for 1 år): Arne Sævik, Bodil Brandal, Bodil Dahl
Revisor: Trond Torset
Framover: Saker som laget framleis må involvere seg i, er m.a. alt innan universell tilpassing ; dette er både tilgjengelegheit med transport – dvs buss og ferje, offentlege bygg. Dessutan vil laget involere seg i dei trafikale tilboda som vert gitt på ytre søre Sunnmøre når det gjeld buss og ferjer; og her er det snakk om både tilgjengelegheit og tilbod!
Møtet vart avslutta og alle var samde om å stå på og markedsføre laget sine fanesaker!