Det skjer i landsbyen…
Det er berre å halde tunga beint i munnen viss ein skal få med seg alt som skjer i landsbyen. «Faste» ting er bl.a. kvar tysdag kl 1700 er det underhaldning på Øya, Sandetun, på onsdagskveldane er det «ope hus» med Sogelaget på Gamlebanken. Så er oppmodinga å lese plakatar og titte innom facebook. Dette skjer no i resten av oktober:
Torsdag 18. okt kl 1800: Kveldsmat og Småtroll i Larsnes kyrkje
Fredag 19. okt. kl 1830. Siste kamp for LGFK (G16) på River Plate – mot SIF/Hessa
Søndag 21. okt. frå kl 1200: TV-aksjonen 2018 med inntekt til Kirkens Bymisjon. Bøsseberarane startar i 12-tida.
Fredag 26. okt. kl 1830: Siste kamp for LGFK på River Plate – mot Emblem.
Fredag 26. okt kl 2100. Trubadur Øystein Eckhoff på Naboen Restaurant.
+ siste kampar for LIL G11 – 18. okt.; LIL G12 – 22.okt og 25. okt på KGB.
Det er berre å følgje med!