FASTELAVN
Fast innslag i fastelavnshelga er at Larsnes Helselag sel fastelavnsris! I år som i fjor skjer dette ved butikkane førstkomande fredag og laurdag; 21. og 22. februar! Oppfordringa mi er at DU også kjøper deg eit fastelavnsris. Prisen er 50 kroner!
Vi kunne ramsa opp alt som Larsnes Helselag støttar; alt ifrå gaver og merksemd til aktvitetar i bygda; gaver til sjukehuset og nasjonale innsamlingar; til hjelp i gravferder og aktivitetar på Øya, Sandetun, ja, meire til!
Vi kunne ramsa opp alt Helselaget er med på, men det held med å minne om at laget fekk Kulturprisen i Sande for 2019, utdelt på Sandemessa i haust!
Dette er ein god grunn til å støtte Larsnes Helselag! Så fredag og laurdag møter du seljarar ved butikkane; ta godt imot seljarane ; og; – ta med ein femtilapp!