Landsbyskulen – skulestart 2020
Flagget heist! Born i leik! Skulestart! «Ein bitte liten skule, på ein bitte liten stad! Ein stad der små og store, kan vere trist glad! Ein stad å finne venner; ein stad å bli klok; ein stad der barnehender skriv tankar i ei bok!» Slik startar skulesongen «Minnene du gav»! 84 elevar starta mandag på nytt skuleår ; derav 8 førsteklassingar som fekk sin første skuledag!
Mandag 17. august vart nok annleis enn skulestartane frå 1994 – då skulen var heilt ny! Grunnen var sjølvsagt covid 19 – noko personalet har teke på det største alvor! Elevane er delt opp i ulike kohortar som også gjer at det vert delte friminutt; 2 og 2 klasser er definert som ein kohort. Godt for alle at skulen og elevane fekk starte opp!
Rektor Oddhild Gjengedal seier at heile personalet er klar til nytt skuleår ; og fokus er sjølvsagt på cocid 19. Mange hensyn må takast, men ho er optimist. Framover vert det mykje jobbing med det digitale, heile tida med fagfornying og så har endeleg pedIT blitt fornya! Oddhild og personalet gler seg til skuleåret!
Landsbyskulen er ein ganske stor arbeidsplass med heile 19 tilsette! rektor + 12 lærarar, 4 fagarbeidarar og ein lærling + 2 reinhaldarar!
84 elevar; likevel ein bitte liten skule, men ikkje i Sandesamanheng! Viss Larsnes skule var 1-10 skule , så….!
«Hugs godt første skuledagen min», sa ein jenteflokk i 7.klasse som kom imot meg!» «Gjett om det var spennande! Og tenk; eg var sååå nervøs!» «Men no er vi dei eldste!» «Det er kjekt!» Kommentarane hagla før dei spratt og dansa glade vidare! «Ein stad for leik og vennskap; ein stad å høyre til!» sa dei og hoppa glade vidare!
larsnes. no ynskjer alle; elevar, foreldre og personale eit flott og innhaldssrikt skuleår!