Larsnes Helselag
Larsnes Helselag er eit aktivt lag.
Laget vart skipa i 1913 og har sidan då jobba for god trivsel og helse i nærmiljøet! Det overordna organet til Helselaget er Nasjonalforeningen for folkehelsen. Larsnes Helselag deltek i Nasjonalforeningen for folkehelsen sine aksjonar angåande Demensaksjonen og Hjarteveka. Elles markerer laget Eldredagen og har ulike trimtilbod og er «fast» inventar på Øya Sandetun; enten med baking eller andre aktvitetar.
Inntekta til laget kjem frå medlemskontingent, basarar, sal av fastelavsris og hjelp med samlingar etter gravferd – enten i kyrkja eller på Landsbyhuset. Her kan leiar Astri Bente Sandvik kontaktast – tlf. 936 46 012.
Overskotet går tilbake til bygda i form av gaver td. til barnehagen, Sandetun, skulen, badestranda o.l.
Laget held til på Elveromsstova der dei har sine medlemsmøter og med jamne mellomrom har t.d. laurdagskafe.
Styret 2018:
Leiar:
Astri Bente Sandvik
Nestleiar:
Inger Anne Torset
Kasserar:
Anne Marta Torset
Skrivar:
Lina Strand
Medl.:
Solrun Slettestøl
Reidun Voldnes