Stor miniturnering

Stor miniturnering er rette ordet på laurdagens aktivitet på Larsnes Stadion! 35 lag, ca 250 spelarar, minst like mange foreldre, dommarar,  masse hjelparar både til kiosk og grilling, til Fair Play-folk og parkeringsvakter. Eg trur det var over 600 menneske denne  morgonen  eg var der. Turneringa slutta rundt 1530.

Imponerande innsats frå Larsnes IL Fotball  og godt arbeid og koordinasjon av turneringssleiar Thomas Oksavik. Takk går også til banemannskapet som «leverte» – som vanleg – ei naturgrasbane til 20 i stil!

tronto@tussa.com