15.06.2022
SUMARSAMKOMA 2022
Årets Sumarsamkome er nr 10 i rekka. Det er Landsbyhuset Breidaablik, Larsnes Sogelag, Gamlebankens Scene og Larsnes IL som er arrangørar! I år strekker samkoma seg over 10 dagar – for å få plass til alt! Først ute er quizen fredag 17. juni på Landsbyhuset! Så går det slag i slag!
Kroppabålgjengen med Olav &co er i full sving. Samleis riggargjengen som no har fått scena på plass der grisen skal grillast! Elles er programmet for einkvar sin smak. Håper DU finn noko du vil vere meed på!
Utonom bål og quiz er det bygdevandring, fantetog, rjomegraut, kveldar i festivalteltet! Som sagt; vi startar fredag 17. juni kl 2000 med quizen på landssbyhuset! Gå inn på landsbyen larsnes si facebokside. Der vil det vere oppdatert program kvar dag!