Tida går; tida kjem….
Syns du tida går fort; eller at tida kjem – og vi står der med opne armar og tek imot! I alle fall skriv vi no 18. november og vi har lagt bak oss både val og fotballsesong og – ikkje minst – 4 fantastiske Feel-It-forstillingar på Landsbyhuset!
Vi har hatt ein fantastisk haust, men kjenner no at vi har årstider i Norge. Glattisen har skremt fleire og julemennene har vore på plass i butikkane i vekesvis.
Vi har nesten ikkje lagt frå oss Feel-It før Sandemessa står for tur. Tidleg vart det kjent at utstillarane strøymde på – og at det vart fullt hus. I tillegg har Sandemessegjengen sydd saman eit flott, variert program begge dagane som er laurdag 23. og søndag 24. november!
«Kva skjer»-lista framover ser slik ut:
Onsdag 20. november: «Frå lys til mørke» med Ålesund strykekvartett i Larsnes Kyrkje kl 1930
Laurdag 23. og søndag 24. november: SANDEMESSA på Landsbyhuset/Larsneshallen.
Fredag 29. november: JULEEBORD med NHF Sande på Landsbyhuset.
Laurdag 30. november: JULEGRANTEENNING ved Sandetun og ADVENTSKAFFI på Landsbyhuset. HML Varden.
Fredag 6. desember: ADVENTSKONSERT med Kultturskulen i Larsnes kyrkje
Fredag 13. og laurdag 14. desember: FEEL FABULOUS m/Ulstein Storband på Landsbyhuset – SWINGING CHRISTMAS
Torsdag 19. desember: Larsnes skule sin JULEFEST på Landsbyhuset.
Fredag 27. desember. ROMJULSQUIZ på Landsbyhuset . Larsnes IL .
Og i januar får vi to helgar til med FEEL-IT!
Litt av kvart med andre ord!