TING SKJER….
Ikkje før hadde vi lagt unna nyttårsfeiringa, før arrangement og aktivitetar starta opp igjen! Feel It gjorde sine fire siste show med ei forrykande avslutning. Det er berre å seie TAKK! Språkkafeen på biblioteket har starta opp att, og sist helg var det UKM på Breidablik med utruleg mange deltakarar! Det gror! Og oppi det heile; stordugnad av LIL Fotball med vask på Holmen!
Framover:
Treningane er starta opp att; alt ifrå yoga og seniortrim, til fotball og idrettsskule, pluss årsmøter i «alle» lag, og dette er ikkje alt !
Kvar mandag kl 1400: Seniortrim i Larsneshallen.
Kvar onsdag; Yoga i Larsneshallen
Kvar onsdag: Ope hus på Gamlebanken i Larsnes Sogelag
Kvar tysdag: Underhaldning på Øya, Sandetun
14. febr.: Språkkafe på biblioteket
16.feb.: MSIL Wheelers – trening i hallen. (Basketball-laget til Jørn-Hugo)
21. feb.: Språkkafe på biblioteket
23. feb.: kl 2100: Trubadur Øystein Echoff på Naboen Restaurant
Dette er berre «smakebitar» på aktivitet. Vi oppmodar lag og organisasjonar om å vere flinke til å melde inn aktvitetar og i tillegg kome med referat frå t.d. årsmøter og arrangement elles! Vi skal på nytt sjå om vi får kulturkalendaren opp å gå i løpet av vinteren; tekniske problem har sett oss noko tilbake.